Når dei seier «hysj», hevast berre stemmene.

Det du ikkje veit, kan du få vondt av.

Det du ikkje veit, kan du få vondt av.

Akkurat no toppar meldinga om at Kina har vald å stenge tilgang til sosiale media, m.a. Twitter, HotMail, Blogger og WordPress, to dagar før tjueårsdagen for massakren på Den himmelske freds plass. For ei veke sidan meldte Iran at Facebook-tilgangen sperrast fram til valet 12. juni.

Det overraskande med desse nyheitene er at dei sensurerande styresmakter vél å blinke ut spesifikke saitar for blokkering. Det er faktisk ikkje så vanskeleg for dei sosialiserande undersåttar å laga seg noko sjøl med open kjeldekode, innanfor nettsensuren. Å hoppe over frå Twitter til t.d. noko basert på laconi.ca, eller frå Facebook til t.d. noko basert på Elgg. Det finst omvegar kring det meste.

Eg er ingen statsvitar, men eg lurar på om det  i tillegg til splitt & hersk-taktikk her kan sporast  eit markeringsbehov hos myndigheitene. Eit ønske om å få formidla at «ting er annleis her enn i Amerika». (Dødsstraff unnateke, förståss). Så i trygg forvissning om at det blir lagt merke til i Vesten, syner makthavarane at dei skaltar og valtar med innbyggarane sine som dei sjøl lyster. Ikkje så mykje fordi dei er redde, men fordi dei kan.

Er det ventande offisielle protestar frå norsk UD på slike markante brot på menneskerettane til alle nettbrukarar i desse landa? Ikkje meir enn da Google i si tid laut gi opp framfor Den kinesiske brannmur. Men spørsmålet er om dei berørte borgarane sjøl finn seg i så mykje lenger. Og om du og eg kan hjelpe dei å få att ytringsfridommen sin.

For om det er noko eg verkeleg diggar med internett, må det vera å kunne finne i lag med folk på tvers av kontinent og kulturar. Eg protesterer på det sterkaste mot å bli hindra i dette. Og med det samme vil eg gjerne minne deg, vyrde lesar, på å minnast dei drepte studentane i Beijing ekstra mykje i år.  Tenn lys. Kjøp blomster og legg ned framfor kinesiske ambassadar. Hev stemma.

OPPDATERT: Verdas beste vitskaplege vekesmagasin New Scientist har kjørt nokre testar av den kinesiske Twitter-sensuren, dessutan melder grunnleggaren av Seesmic at deira Twitterklient fortsatt funkar gjennom sensurfilteret.

OPPDATERT 2: Mashable rapporterar at Seesmic er stoppa, og også innanriks-tenester er «nede for driftsvedlikehald». Men det er fortsatt håp.

2009-06-02 tir, 1522 • Stikkord: , , , • Posted in: Kommentar

Leave a Reply