Ode to Science

Eg er heilt sikker på at det vart skrive mange fleire songar og hymner til vitskapens pris før i tida enn no. Heldigvis finst det enno folk som gjer noko med det.

Inspirert av fleire kjelder, kanskje mest Cory Doctorow som posta lenka på Boing Boing, men òg Den Tvilsomme Humanist, tenkjer eg vi skal vera pedagogiske i dag.

Men eg tenkjer ikkje heilt på dei melodisette preposisjonsreglene til tysklærarane. Og slett ikkje på matterock. Eller den noko snevre anatomifokuseringa til visse death metal-band. Eg tenkjer på originalskriven musikk meint å formidle kunnskap.

Så let me edutain you. No er det som fullt mulig kan vera verdas einaste låt om mitokondria slept.

Mp3, 3 minutt, sjanger postgrønsj, laga og framført av Dave Ng.

Litt repetisjon frå ungdomsskulen: Mitokondria – energiverket i levande celler – er temmeleg sære små dingsar. Mellom anna fordi dei har sitt eige DNA separat frå det som finst i cellekjernen. Interessante problemstillingar spring ut frå dette faktum.

Mellom anna har ein av mine favorittpopularisatorar,  Larry Gonick lurt på om det er han som går tur med sine mitokondria, eller om det eigentleg er dei som går tur med han.

Men altså. Det trengst meir av slikt. Også utanfor Sesam stasjon.

Min venn  sitronsyre burde til dømes bestemt komponere eit brassbandstykke om det mitokondrielt nærbeslekta emnet sitronsyresyklusen. Eg veit han vil.

I desse LHC- og Engler  & Demoner-tider er sjølsagt Large Hadron Rap pensum. Her er ein artikkel der Alpinekat & co. frå CERN er intervjua.

Det lyt gå litt i Spotifylenkjer herfrå, er eg redd.

Black Debbath har jo gjort sitt for humanioraen med tung, tung politisk rock og Black Debbath – Naar Vi Døde Rocker.

Og Tom Lehrer har altfor mange godlåter. Dette er to:

Tom Lehrer – The Elements – Live

Tom Lehrer – Lobachevsky – Live

Eg fann ikkje New Math, men det får våge seg. Søk opp sjøl og lær effektiv hovudrekning både i desimal- og oktalsystemet. 

Kva fleire vitskapssongar veit folk om? Kvalifiserer «Napoleon med sin hær» som historieleksjon, t.d.?

2009-05-09 lør, 1627 • Stikkord: , , , , • Posted in: Anbefalt

2 Responses to “Ode to Science”

  1. Mutant Fist - 9. mai, 2009

    Dette er nok den viktigste kunnskapsformidleren.

    http://www.facebook.com/ext/share.php?sid=74672368610&h=Xq99Y&u=6JAiu&ref=mf

  2. Arnfinn Pettersen - 2. juni, 2009

    Hei, Holtegutt, bloggen din sover. Den må våkne!

Leave a Reply