Bli ein fridomskrigar du òg!

Spirit of 96

Spirit of '96

Sjøl om begrepet “freedom fighters” nok vart litt belasta på åttitalet, er det fortsatt noko romantisk ved opprørarar og motstandsfolk. Det er ei stund sidan sist det var nokon vits i å drive å kjempe for fridom på norsk jord, men som Aksel Hennie og Vreid yndar å minne oss på, var vi både innbitte og dediserte den gongen da vi måtte. Den gongen det gjaldt.

Det ser jammen ut til at vi i desse dagar har sjansen igjen til å vise kva vi er gode for.

Eg har meint å skrive mykje heilt sidan torsdag, da eg var og såg John Perry BarlowCivitas pubmøte om ytringsfridom og Nettet. Naturlegvis har eg samla ei altfor diger mengd med stoff til å laga eit leseleg innlegg, så eg vart glad over å få ei anna vinkling no.

Eg ser nemleg at FriBit inviterer til demonstrasjon framfor Stortinget på onsdag 29. april klokka 1900. De av dykk som kan tenkje dykk å vita meir, kanskje vera med, får prøve å lesa opp litt hos dei, eller melde dykk på Facebook-hendinga. Eg har aldri før delteke på nokon demonstrasjon, så eg blir glad for å møte dykk der, våpenbrørne mine.

Håpar berre tamilane som bor der for tida ikkje vil bli støytt.

2009-04-28 tir, 0004 • Stikkord: , , , • Posted in: Anbefalt • 2 kommentarer

Kom i hug Citadel Station

Look at you, hacker… A pathetic creature of meat and bone, panting and sweating as you run through my corridors. How can you challenge a perfect, immortal machine?

SHODAN hoverer, OGG-fil

Der bega Holten seg inn i den juridiske hengemyra som for tida heiter “gråsona”. Det kjennest fortsatt  litt belastande å skulle kalle holtenher.no ein warezblogg, men ikkje mindre er det eg no skal gjera sannsynlegvis brot på opphavsretten til ein eller annan. Sjøl om eg berre vil hinte om ein skarve URL. Eg er da ikkje så lovlaus at eg vil inkriminere det stakkars webhotellet mitt med å hoste noko sjøl.

Det er snakk om ei bok eg er heilt sikker på at forfattaren Tuesday Frase aldri vil få noko meir betalt for, for ho kjem aldri til å utgivast på nytt av nokon. Boka heiter I.C.E. Breaker, og er ei hint- og guidebok for eit femten år gammelt PC-spel med tittelen System Shock.

Spelet har vore ute av den legale marknaden i årevis (og både System Shock 1 og 2 er blant dei tre mest ønskte spela på GOG.com). Boka har vore til salgs bruka  på eBay og Amazon med jamne mellomrom, gjerne utropsprisa oppimot $150 USD.

I påska gjorde ein fan med kallenamnet “enter” ein skanna PDF-versjon tilgjengeleg på eit av verdas smartaste spelforum, TTLG.com. TTLG har nominelt ein streng policy mot illegal kopiering av og lenking til opphavsrettverna materiale, men i dette tilfellet ser dei ut til å ha gjort eit unnatak. Fordi det dreier seg om noko alle fans av System Shock har ønska seg i mange, mange år, og TTLG starta som ei System Shock-fanside.

Det er rart med det, gett. Her er det TTLG-gründeren Saam Tariverdi har å seie i dag om det 15 år gamle spelet.

Ekstra artig er det at  fila vart presentert som eit påskeegg, altså ei påskenøtt å knekke for fansen. Les meir om det her, eller berre last ned og kos dykk med fila, om de har noko som helst forhold til SHODAN. Ei smaksprøve:

The following description was extracted from the station’s general employee welcome packet, version 1.25.
WELCOME.CITADEL.TXT
• Newcomers, welcome to the most sophisticated biological research platform in space. We hope to make it your home. Citadel’s tiered levels were designed to provide both aesthetic and professional comforts, providing inhabitants with everything from spacious, green groves to lush residential Quarters.
• We at TriOptimum are proud to show you around…

Følg lova, gjer kva du vil.

lovens_bok_02I etterkant av Zeitgeist-foredraget hans Bjørn Are DavidsenKjettersk Kjeller i går vart eg gjort oppmerksam på at ei norsk omsetting av The Book of the Law akkurat er utkommen, og at den derverande O.T.O.-representanten hadde med ein pose full av dryppande ferske salseksemplar.

lovens_bok_01Førsteutgåva av Lovens Bok (tilgjengeleg i 1500 eks.) er ei ganske lita bok, men ufatteleg tiltrekkande og eit funn for 100 kroner. Tøybokmerke. Raudt og svart blekk. Bladgullblomster(!)  på innbindinga.

Slikt kallar eg åndsverk verdt å betala for. ISBN 978-82-92614-93-8.

I tillegg til den omsette teksta inneheld boka illustrasjonar, forklaringar og heile Aleister Crowleys originalmanus i faksimile.

Eg vart faktisk så inspirert og oppglødd over dette kuppet at eg skreiv ned heile Kardemommelova på baksida av eit langt kvitteringspapir og la att i baren på Hell Awaits etterpå. Og i dag er det Verdsbokdagen, så no skriv eg her.

Medan vi talar om persarane

Ikkje for å ta oppmerksamheita vekk frå bloggekampanjen for å stanse henginga av iranske Delara Darabi, men det var no eingong dette innlegget eg hadde forberedt i dag.

De forstår, Irans president Mahmoud Ahmadinejad er aktuell på meir enn ein front i ytringsfridomsstrida.

Her er bakgrunnen. Eg kom først over tidsskriftet Index on Censorship på skulebiblioteket medan eg gjekk på vidaregåande. Det er lenge sidan no, men den vesle britiske NGOen bak held fortsatt på. Dei har utvida fokus frå dissidentstøtte til bannskap og copyright, og magasinet deira er likare enn nokonsinne. I kveld deler dei ut sine ytringsfridomsprisar i London.

Ein av dei nominerte for prisen “The Economist New Media Award” er den iranske bloggaren Hossein Derakshan, “hoder” på http://www.hoder.com.

Han kan seiast å vera gudfaren i den iranske blogosfæren, eller “The Blogfather”, og har sitte fengsla på ukjent stad sidan november i fjor. Dom er venta om ikkje lenge.

Det  overraskande her er at ingen andre enn president Ahmadinejad har bede påtalemakt og domstol spesifikt om å sjå til at rettferda skal skje fyllest i saka hans Hoder, og saka til den fengsla reporteren Roxana Saberi. Det vart for øvrig sagt tidlegare hos hildring at det er meir med han Mahmoud enn ein skulle tru. Det trur eg så gjerne. Spørsmålet mitt er: KVA er det han eigentleg meiner og driv med?

CC Marca Pasos

Som ein ser frå denne iranske nyheitssaiten er det rett nok Saberi som får mest oppmerksamheit på godt og vondt, muligens fordi ho er fotogen nok til å ha vore Miss America-finalist, eller fordi ho har vore mest på vestleg TV. Eg har ikkje sett meg så mykje inn i saka hennar, båe opplysningane har eg frå BBC.

Men det var det der med at ingen er meir nidkjære enn dei nyfrelste. Altså meg, som nyslått bloggar. Så i håp om aksept og forbrødring/søstring i bloggefellesskapet ville eg berre slå eit slag for Hoder i dag, først og fremst, sidan han er nominert til pris og alt. Eg spanderer likevel på eit bilete av Roxana fordi etnisitetsmiks er så pent.

@freehoder på Twitter.

@freeroxana på Twitter.

@Indoncensorship på Twitter.

Jonas og dei slemme mobbarane

OK, den sjølerklærte politiske møydom-mistinga mi er ikkje mitt absolutt første aktivisme-framstøt i det siste lell. Eg tuska med barrikadereising på si’ for ikkje meir enn eit par månadar sidan, under andre runden av blasfemistrida. Så i dag, når utanriksminister Jonas Gahr Støre skal halde innlegg på åpninga av FNs oppfølgingskonferanse om rasisme og intoleranse, “Durban 2″, forventar eg mykje av han.

Eg vil håpe at den berømmelege dialoglinja hans her går ut på å lytte, for så å forklare dei som fer med tøv og usaklegheiter kor nordmenn brukar sette skapet. Det vil seie, på kva område ein kan forvente norsk intoleranse. Eller nulltoleranse, for å bruke eit mindre belasta synonym.

Det er ein totalt uproblematisk sak å vera mot rasisme. Om du meiner noko anna, blir du fort utfrossen frå det gode selskap. Korfor velger da USA, Australia, Canada, Nederland, Tyskland og Italia å boikotte denne FN-konferansen? Det må dei ha gode grunner til. Eg meiner. Afrikansk-amerikansk president, tysk og australsk ømt område, høg nederlandsk og kanadisk tredje-verds-immigrasjon.

Jau, dei fryktar at Israel utpekast på ein hyklersk måte i sluttdokumentet, som Barack Obama uttala. At språkbruken frå Durban 1 blir vidareført og at fleirtalet vil vedta ein fleirtalsresolusjon som vil oppfordre FNs medlemsnasjonar til å ulovleggjera religionskritikk. Da spesifikt den typen kritikk som rammar islam.

Eg forstår meg ikkje heilt på boikottar i demokratiske prosessar, men eg ville ikkje ha tillate namnet mitt på eit slikt dokument. Som Thorbjørn Jagland poengterte i Aftenposten-kronikken sin i samband med den famøse blasfemiparagrafen, og etterpå utdjupa i Dagsavisen: “Ingen kompromisser om ytringsfrihet” er og må forbli Norges linje. Lenger strekkjer vi oss ikkje. Så får heller Irans president Mahmoud Ahmadinejad leike bajas og jødehatar.

Støre trur jo sikkert det beste om folk.

CC Arbeiderpartiet

Dagfinn Høybråten (Krf) sa nettopp på NRKs Nyhetsmorgen at ein ikkje kan selje strikk i metervis. Støre på si side utelukkar ikkje at han kan komme til å reise heim frå Genève om ting sklir ut, men meiner det noverande utkast til sluttdokument ligg innanfor det Norge kan akseptere, sa han til NRK i går kveld. Med det måpande fjeset til Salman Rushdie i minne frå da Støre vrøvla til ham om religionsdialogdoktrina si på Lillestrøm før jul: Eg vil heller at Støre på mine vegner høfleg takkar, tek sin hatt og går.

Hadde ikkje Støre kledd å bruke hatt, forresten?

Vi går ombord

Hei, de der.

Eg heiter Erik Holten, og dette er dagen da ein svensk tingrett dømte fire menn til fengsel for uaksomt eller forsettleg å ha medverka til ulovleg krenking av opphavsrettlova. Eg har late meg prega av denne dagen.

I dag står eg fram som aktivist. Det er noko eg ikkje har mykje erfaring med (eitt år i N&U). Fram til no har eg nitidig unngått å tone flagg politisk, for å unngå at mine debattpartnarar skal tilnærme seg utsagna mine med fordommar. I dag får fana mi farge. Farga er svart, og det heraldiske motivet er glisande skalle over korslagte knoklar. Hoist Jolly Roger, ahoy!

Ja, i dag sympatiserar eg altså med Piratpartiet. Den svenske interesseorganisasjonen, veit de. Den med fleire medlemmer enn fire riksdagsparti. Det kan godt hende at eg her begår den samme feilen som har leda til domfellinga av The Pirate Bays svenske bakmenn. Dei har eplekjekt vaia piratbanneret høgt over aktivitetane sine. Dette har gjort dei eit naturleg mål for provoserte havarar av “immatrielle rettar”, sjøl om TPB har etter måten lita betydning for illegal kopiering alt i alt. Dei hadde gjort det likare om dei hadde lista seg stilt på tå når dei skulle ut og sjørøve. Men eg er no vorten overtydd om at Anders Rydell har rett i at det rustast opp i frontane i strida. Eg vervar meg no som frivillig.

Eg vil kjempe mot den noverande åndsverkslova. Eg vil kjempe mot det internasjonale patentvesenet. Eg er overbevist om at vi vil få eit likare samfunn når retten til monopol på abstrakte tankar og idéar er fjerna. Eg er blitt abolisjonist. Dette er nok ein konsekvens av at eg ser meg sjøl som ein hardline ytringsfridomsmann.

Det er så mykje eg har lyst til å skrive.

Men sidan eg har mest lyst til å vera aktuell, og DNA har landsmøte no rett etter GoOpen-konferansen, vil eg sjå litt på korleis arbeidarpartistane handterer problemstillinga. Olemic Thommesen (H) har rett når han i samband med Høgres antipiratseminar på Stortinget onsdag 15. april uttala at Regjeringa ikkje har nokon klar haldning. Og at det må finnast praktiske løysningar slik at kulturproduksjon kan fortsette. Mi meining er berre at det ikkje er samfunnets eller politikkens ansvar å finne fram til desse.

Lat meg sammenlikne med APs nestleiar Helga Pedersen, som smilande kunne fortelle frå talarstolen i dag at programkomiteen einstemmig ville fjerne statsstønaden til pelsdyrnæringa. Ueinigheita gjekk på korvidt ein skulle gjera pelsoppdrett ulovleg. Dei som Ap vil drive ut av bransjen sin med dette, skal dei få overgangsordningar? Eller må dei innsjå at tida og samfunnsopinionen har endra seg, så dei får finne ein annleis og bærekraftig næringsveg?

Kulturminister Trond Giske er sterk og klar. Han er naturlegvis på sida til kulturarbeidarane. Da helst dei større namna. Dei med kredd. Dei som faktisk får greitt med royalties. Pussig nok er dei aller aller fleste av dei profilerte antipirat-kjendisane gæmlisar.

Etter valet etlar Olemic T. seg til å bli kulturminister, meiner db.no. Kanskje derfor han har fått eigarskap til sakskomplekset. Men eg tykkjer i grunnen ikkje dette hører med til Kulturdepartementets ansvarsområde. Både presseuttalelsar om illegal kopiering og den nye digitalbibliotekmeldinga burde ha komme frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Men fornyingsminister Heidi Grande Røys har i alle fall sine ting på gang, med artikkelsamlinga og debattnettstaden Delte meninger. Eg er sikker på at Røys kanskje ville ha sett to gonger på opphavsrett i samband med politikken om digitalisering og søkbare bibliotek. I alle fall syner innlegget hennar på GoOpen at ho har skjønt meir enn Giske.

Men enn at Høgre ikkje har skjønt at marknaden her har best av å ordne seg sjøl, det fattar eg lite av. Eg var så sikker på at antitrust og fri konkurranse var faneorda for dei nykonservative, ikkje statleg vern av falittspelne arbeidsplassar.

Som Oda Rygh tvitra: “Er man tilhenger av markedskrefter så er man det, og da lar man markedet krefte platebransjen.”

Vidare lesning: Oppsummering og kommentar hos NRK Beta.