Bli ein fridomskrigar du òg!

Spirit of 96

Spirit of '96

Sjøl om begrepet “freedom fighters” nok vart litt belasta på åttitalet, er det fortsatt noko romantisk ved opprørarar og motstandsfolk. Det er ei stund sidan sist det var nokon vits i å drive å kjempe for fridom på norsk jord, men som Aksel Hennie og Vreid yndar å minne oss på, var vi både innbitte og dediserte den gongen da vi måtte. Den gongen det gjaldt.

Det ser jammen ut til at vi i desse dagar har sjansen igjen til å vise kva vi er gode for.

Eg har meint å skrive mykje heilt sidan torsdag, da eg var og såg John Perry BarlowCivitas pubmøte om ytringsfridom og Nettet. Naturlegvis har eg samla ei altfor diger mengd med stoff til å laga eit leseleg innlegg, så eg vart glad over å få ei anna vinkling no.

Eg ser nemleg at FriBit inviterer til demonstrasjon framfor Stortinget på onsdag 29. april klokka 1900. De av dykk som kan tenkje dykk å vita meir, kanskje vera med, får prøve å lesa opp litt hos dei, eller melde dykk på Facebook-hendinga. Eg har aldri før delteke på nokon demonstrasjon, så eg blir glad for å møte dykk der, våpenbrørne mine.

Håpar berre tamilane som bor der for tida ikkje vil bli støytt.

2009-04-28 tir, 0004 • Stikkord: , , , • Posted in: Anbefalt

2 Responses to “Bli ein fridomskrigar du òg!”

  1. Avil - 28. april, 2009

    Hm, høyre på meg på Mono eller demonstrere for første gong?
    Skjønar du velger roping saman med andre menn. Men det hadde vore fint å sjå deg på Mono etterpå.

    :-)

  2. Holten - 28. april, 2009

    Til overmål skal Lord Bassington-Bassingtons Cthulhukult-foredrag haldast samtidig på Children of the Night, eg gjekk glipp av det på grunn av dobbeltbooking sist òg. =( Men alt er i sentrum, og eg trur ein kombo-promiss kan vera innan rekkjevidde.

    I alle fall kjem eg på Mono før eller sidan.

Leave a Reply