Følg lova, gjer kva du vil.

lovens_bok_02I etterkant av Zeitgeist-foredraget hans Bjørn Are DavidsenKjettersk Kjeller i går vart eg gjort oppmerksam på at ei norsk omsetting av The Book of the Law akkurat er utkommen, og at den derverande O.T.O.-representanten hadde med ein pose full av dryppande ferske salseksemplar.

lovens_bok_01Førsteutgåva av Lovens Bok (tilgjengeleg i 1500 eks.) er ei ganske lita bok, men ufatteleg tiltrekkande og eit funn for 100 kroner. Tøybokmerke. Raudt og svart blekk. Bladgullblomster(!)  på innbindinga.

Slikt kallar eg åndsverk verdt å betala for. ISBN 978-82-92614-93-8.

I tillegg til den omsette teksta inneheld boka illustrasjonar, forklaringar og heile Aleister Crowleys originalmanus i faksimile.

Eg vart faktisk så inspirert og oppglødd over dette kuppet at eg skreiv ned heile Kardemommelova på baksida av eit langt kvitteringspapir og la att i baren på Hell Awaits etterpå. Og i dag er det Verdsbokdagen, så no skriv eg her.

2009-04-23 tor, 1813 • Stikkord: , , , , • Posted in: Anbefalt

2 Responses to “Følg lova, gjer kva du vil.”

  1. Mad Mullah Hastur - 23. april, 2009

    Ser veldig fin ut. Er vel for mykje å vone at den skal vere på nynorsk?

  2. Holten - 24. april, 2009

    Redd for det, ja. Men teksta inneheld ein del høgverdige, arkaiske tiltaleformar (I og eder) som kunne ha vore interessante å sjå på nynorsk.

    For øvrig hadde eg kanskje i staden vald meg den enda meir nyutgjevne Unni Drougges lydboka “Boven i mitt drama kallas kärlek”, om eg hadde 1. visst om henne og 2. fått sjansen til å høre henne først, berre fordi eg skulle rett på Civita-pubmøtet med John Perry Barlow da eg skreiv innlegget.

Leave a Reply