Møter motstand med munnkorg

Trudde de italienarane hadde det ille under mediemogulmonopolisten Berlusconi? Sjekk Venezuela. President Hugo Chávez har frå før for det meste kontroll over TV-kanalane, men ikkje alle. Dagbladet, eller NTB da, melder at riksadvokat Luis Ortega Díaz i Caracas meiner da også at ytterlegare vern er påkrevd.

CC-BY Agência Brasil

CC-BY Agência Brasil

Eg har begrensa spanskkunnskapar, og Google Translate er som vanleg nestan meir komisk enn hjelpsam, men eg tykkjer eg klarar å trekkje ut frå denne artikkelen (original) (norsk (bokmål)) at Ortega Díaz ser på nye media som ein “ny arena å begå kriminalitet på”, og vil legge effektive hinder i vegen for dette.

Det eigentlege motivet er overtydeleg, som illustrert av denne sinte bloggen, The Devil’s Excrement. Han er ikkje aldeles upartisk mot Chávez frå før heller, men det er verdt å lesa for å få med seg dei formuleringane fru riksadvokaten strør om seg med.

Som den irske dokumentaren “The Revolution Will Not Be Televised” syner, om ikkje anna, er Chávez ein mediemanipulasjonsmeister som få andre. (Kva er det med MMM-forkortingar i kveld, da?) Han er på TV med timeslange talar mest kvar dag, og med eit sant folketalartalent held han tilsynelatande sitt publikum i age. Ingen kanalar tør seie han imot, så nær som ein, og den kanalen føler seg no særs trua av dei nye forordningane, i følge Associated  Press.

Det eg lurar på no, er om Chávez og Ortega Díaz har nokon strategi for å kneble bloggarar. Venezuela er eit svært rikt land, men med enorme forskjellar. Forskjellane går gjerne i favør av Chávez’ motstandarar. Det er berre ei innskyting, men eg tippar dei opposisjonelle er overrepresentert blant dei som har lettast tilgang til datamaskinar.

Dette blir spennande å følgje med på.

One Response to “Møter motstand med munnkorg”

  1. Arnfinn Pettersen - 11. august, 2009

    Chávez har ennå ikke vist til fulle hvor sprø han er. Men det kommer, det kommer, bare vent.

Leave a Reply