Mark i eplet

Mister Nine Inch Nail sjøl, Trent Reznor, har ei stund haipa opp “nin: access“, som har vore ute eit par vekers tid no. Så vidt eg kan sjå ein temmeleg ordinær, men dog småkul iPhone- og iPod Touch-applikasjon dei har utvikla for det ikkje ubetydelege overlappande segmentet av iPhone-eigarar og NIN-fans.

Men så er det slik at Apple har satt opp sin App Store til å kun føre trygge program. Virusfrie, konkurrentfrie (Firefox og Operas overlegne handheldt-nettlesarar nixa til fordel for Apples eigne Safari) og sjølsagt bannskapfrie. Og det der med provokativ språkbruk har liksom vore litt sånn greia hans Trent, da sjøh.

Det er nok derfor språkblomstrane hans Trent i eviggrøne låter som “Closer” plutseleg er blitt uspiselege for Apple, i følge ein epost Trent Reznor sjøl har posta på NIN-forumet, fulgt opp av ein av utviklarane.


Nine Inch Nails: Closer (Uncensored) (1994) frå Nine Inch NailsVimeo.

Snille, gode Apple vil kun alt det beste for oss alle – og ikkje minst for ungane våre – når dei filtrerer kva slags iPhone-applikasjonar dei vil selje oss i sin App Store. (Apple må jo nestan ha dei beste utgangspunktet for å gjera denne vurderinga. Dersom dei seier at iPhone er såpass mykje meir utbreidd i det mindreårige segmentet enn, la oss seie iTunes, så har dei sikkert peil.) Men det verker unekteleg noko bortkasta.

Det er jo ikkje slik at NIN-fansen ikkje anar kva dei går til.

Eg gler meg så fælt til eg får ein Android-mobil, så eg kan shoppe program på Android Market. Og jauda, eg veit godt at Google òg har feite, hårete svin på skogen. Eg ville for eksempel spela lystig Anthrax-bonanza for dykk i dette innlegget, men YouTube meinte eg (og sannsynlegvis de) budde på feil plass i verda.

Eg håpar Google er hakket meir opne lell. I det minste finst det lovlege alternativ til YouTube. Medan iPhone-brukarar må ta på seg grå hattar og bryte lova for å bruke eit skarve gratisprogram.

Meir halvrelevant lesnad i TIME Magazine: A Brief History of the ‘F’ Word.

2009-05-04 man, 0659 • Stikkord: , , , • Posted in: Kommentar

2 Responses to “Mark i eplet”

  1. Svein Ølnes - 4. mai, 2009

    “Brave new world” rykkjer stadig nærmare, med Apple som ein bra pådrivar.

  2. Holten - 7. mai, 2009

    Nja. I følge denne tviten skal det visstnok ha ordna seg, seier Trent. Gad veta kva Apple vil skulde inkurien på.

Leave a Reply