Jonas og dei slemme mobbarane

OK, den sjølerklærte politiske møydom-mistinga mi er ikkje mitt absolutt første aktivisme-framstøt i det siste lell. Eg tuska med barrikadereising på si’ for ikkje meir enn eit par månadar sidan, under andre runden av blasfemistrida. Så i dag, når utanriksminister Jonas Gahr Støre skal halde innlegg på åpninga av FNs oppfølgingskonferanse om rasisme og intoleranse, “Durban 2″, forventar eg mykje av han.

Eg vil håpe at den berømmelege dialoglinja hans her går ut på å lytte, for så å forklare dei som fer med tøv og usaklegheiter kor nordmenn brukar sette skapet. Det vil seie, på kva område ein kan forvente norsk intoleranse. Eller nulltoleranse, for å bruke eit mindre belasta synonym.

Det er ein totalt uproblematisk sak å vera mot rasisme. Om du meiner noko anna, blir du fort utfrossen frå det gode selskap. Korfor velger da USA, Australia, Canada, Nederland, Tyskland og Italia å boikotte denne FN-konferansen? Det må dei ha gode grunner til. Eg meiner. Afrikansk-amerikansk president, tysk og australsk ømt område, høg nederlandsk og kanadisk tredje-verds-immigrasjon.

Jau, dei fryktar at Israel utpekast på ein hyklersk måte i sluttdokumentet, som Barack Obama uttala. At språkbruken frå Durban 1 blir vidareført og at fleirtalet vil vedta ein fleirtalsresolusjon som vil oppfordre FNs medlemsnasjonar til å ulovleggjera religionskritikk. Da spesifikt den typen kritikk som rammar islam.

Eg forstår meg ikkje heilt på boikottar i demokratiske prosessar, men eg ville ikkje ha tillate namnet mitt på eit slikt dokument. Som Thorbjørn Jagland poengterte i Aftenposten-kronikken sin i samband med den famøse blasfemiparagrafen, og etterpå utdjupa i Dagsavisen: “Ingen kompromisser om ytringsfrihet” er og må forbli Norges linje. Lenger strekkjer vi oss ikkje. Så får heller Irans president Mahmoud Ahmadinejad leike bajas og jødehatar.

Støre trur jo sikkert det beste om folk.

CC Arbeiderpartiet

Dagfinn Høybråten (Krf) sa nettopp på NRKs Nyhetsmorgen at ein ikkje kan selje strikk i metervis. Støre på si side utelukkar ikkje at han kan komme til å reise heim frå Genève om ting sklir ut, men meiner det noverande utkast til sluttdokument ligg innanfor det Norge kan akseptere, sa han til NRK i går kveld. Med det måpande fjeset til Salman Rushdie i minne frå da Støre vrøvla til ham om religionsdialogdoktrina si på Lillestrøm før jul: Eg vil heller at Støre på mine vegner høfleg takkar, tek sin hatt og går.

Hadde ikkje Støre kledd å bruke hatt, forresten?

One Response to “Jonas og dei slemme mobbarane”

  1. Holten - 21. april, 2009

    Ja, er ikkje det typisk.

    Hadde eg berre lese dette innlegget frå hildring først, der siterast Berlingske Tidende på at framlegget har fått fjerna religionsklausulen sin allereie. Da er det vel ingen sak, tenkjer eg. Om ikkje han Mahmoud veks i popularitet av rolla si som klasseklovn, da.

    For øvrig tykte eg at Støres innlegg var heilt greitt. Og da var det òg heilt greitt at han som så å seie einaste vestlege delegat vart sittande medan dei andre kvite ministrane marsjerte ut. Mannen representerer jo Annleislandet.

Leave a Reply