30 punkt du bør undersøkje før du startar som Xocai-distributør

Dette innlegget er ikkje skrive av meg, men republisert som ein reaksjon på at Sjokoservice Norge trua artikkelforfattaren til å fjerne teksta frå bloggen sin. Les bakgrunnshistoria her! (spegel)


ill.bilete via CiViXXocai er en sjokolade som blir omsatt i Norge gjennom direktesalg / MLM. Sjokoladen skal ha fantastiske helsemessige egenskaper og fremstilles på en ytterst hemmelig, enestående og spesiell måte. [Vi] har sett litt nærmere på om disse påstandene holder vann og kontaktet 15 norske distributører for å prøve å få oppklart punktene under. Dessverre så har ingen av dem ønsket å bidra til å belyse påstandene.

Read the rest of this post »

Xocai, ein sunn sjokolade? Er det helse i kvar bit?

Dette innlegget er skrive av Espen Løkkevig og opphavleg lagt ut på en annen blogg. Eg republiserer det her som ein reaksjon på at Sjokoservice Norge trua bloggeigaren til å fjerne teksta frå bloggen sin. Les bakgrunnshistoria her! (spegel)

Read the rest of this post »

Møter motstand med munnkorg

Trudde de italienarane hadde det ille under mediemogulmonopolisten Berlusconi? Sjekk Venezuela. President Hugo Chávez har frå før for det meste kontroll over TV-kanalane, men ikkje alle. Dagbladet, eller NTB da, melder at riksadvokat Luis Ortega Díaz i Caracas meiner da også at ytterlegare vern er påkrevd.

CC-BY Agência Brasil

CC-BY Agência Brasil

Eg har begrensa spanskkunnskapar, og Google Translate er som vanleg nestan meir komisk enn hjelpsam, men eg tykkjer eg klarar å trekkje ut frå denne artikkelen (original) (norsk (bokmål)) at Ortega Díaz ser på nye media som ein “ny arena å begå kriminalitet på”, og vil legge effektive hinder i vegen for dette.

Det eigentlege motivet er overtydeleg, som illustrert av denne sinte bloggen, The Devil’s Excrement. Han er ikkje aldeles upartisk mot Chávez frå før heller, men det er verdt å lesa for å få med seg dei formuleringane fru riksadvokaten strør om seg med.

Som den irske dokumentaren “The Revolution Will Not Be Televised” syner, om ikkje anna, er Chávez ein mediemanipulasjonsmeister som få andre. (Kva er det med MMM-forkortingar i kveld, da?) Han er på TV med timeslange talar mest kvar dag, og med eit sant folketalartalent held han tilsynelatande sitt publikum i age. Ingen kanalar tør seie han imot, så nær som ein, og den kanalen føler seg no særs trua av dei nye forordningane, i følge Associated  Press.

Det eg lurar på no, er om Chávez og Ortega Díaz har nokon strategi for å kneble bloggarar. Venezuela er eit svært rikt land, men med enorme forskjellar. Forskjellane går gjerne i favør av Chávez’ motstandarar. Det er berre ei innskyting, men eg tippar dei opposisjonelle er overrepresentert blant dei som har lettast tilgang til datamaskinar.

Dette blir spennande å følgje med på.

Open letter to Nokia Corp.

Disconnecting people

click for larger version

Dear Madams and Sirs,

I am compelled to express my concerns about what I perceive to be an unethical sale of citizen monitoring technology to a regime devoted to oppression, thus aiding in its blatant violations of human rights.

You know. That Nokia Siemens Network Monitoring Systems deal from last year.

The Irantelecom contract.

I have been exceedingly disappointed with what I have seen of statements coming from Nokia officials and spokespersons on this matter up until now. Especially considering Nokia is claiming its key issue of corporate responsibility to be as follows: “Above all, we aim to make a positive contribution to society at the local and global level”.

Providing connectivity – wiring the populace – has become mandatory in prosperous societies. And so the defense proffered reveals the Nokia creed as one of moral relativism – paraphrased, “better we compromise and sacrifice human rights, so that the people of Iran may enjoy the greater good of connectivity”.

I cannot accept that excuse.

In my opinion, your representatives have managed to reduce your otherwise commendable Code of Conduct to a lie, and your Ethics Office to little more than stage dressing. I find this state of affairs utterly deplorable.

Until you restore my faith in your alleged “ethically sound policies and principles”, I shall be forced to withhold all further support of Nokia products, and actively oppose Nokia’s business with all means available to me.

The trade was doubtlessly legal and lawful. It’s still filthy.

Sincerely,
Erik Holten

Write and send your own feedback to Nokia.

Further reading:

The Washington Times 2009-04-13 “Europe’s Telecoms Aid With Spy Tech”

BBC NEWS 2009-06-22 | Hi-tech helps Iranian monitoring

BBC NEWS VIDEO 2009-06-22 | Iran intercepting mobile calls

Wall Street Journal 2009-06-23 “Iran’s Web Spying Aided By Western Technology

Nokia’s presentation of their corporate responsibility

direct links to the Nokia Code of Conduct:

text-only PDF: English(70 KB) Farsi (104 KB) Norsk (67 KB)

brochure PDF: English (1.0 MB) Farsi (1.1 MB) Norsk (1.0 MB)

UPDATE: I am aware that Nokia Corp. and Nokia Siemens Networks were and are different entities. I could easily have written the exact same thing to NSN. As mentioned by John in the comments, some already have. Please visit them. I’m personally still focusing on Nokia simply because they are (one of) the responsible, high-profiled owners of NSN.

Also, in the name of accountability, I’m obliged to provide the link to the official response from Nokia Siemens Networks, which I wasn’t aware of at the time of writing. After reading it, I have no choice but to uphold my demand. An admission to the providing of “Lawful Intercept” capabilities of PSTN and GSM traffic to a known oppressive and human rights violating government is exactly what I hold the corporation responsible for.

Haiku 4. juni 2009

Faen ta Kina.

Men faen ta oss også,

som handlar med dei.

Når dei seier “hysj”, hevast berre stemmene.

Det du ikkje veit, kan du få vondt av.

Det du ikkje veit, kan du få vondt av.

Akkurat no toppar meldinga om at Kina har vald å stenge tilgang til sosiale media, m.a. Twitter, HotMail, Blogger og WordPress, to dagar før tjueårsdagen for massakren på Den himmelske freds plass. For ei veke sidan meldte Iran at Facebook-tilgangen sperrast fram til valet 12. juni.

Det overraskande med desse nyheitene er at dei sensurerande styresmakter vél å blinke ut spesifikke saitar for blokkering. Det er faktisk ikkje så vanskeleg for dei sosialiserande undersåttar å laga seg noko sjøl med open kjeldekode, innanfor nettsensuren. Å hoppe over frå Twitter til t.d. noko basert på laconi.ca, eller frå Facebook til t.d. noko basert på Elgg. Det finst omvegar kring det meste.

Eg er ingen statsvitar, men eg lurar på om det  i tillegg til splitt & hersk-taktikk her kan sporast  eit markeringsbehov hos myndigheitene. Eit ønske om å få formidla at «ting er annleis her enn i Amerika». (Dødsstraff unnateke, förståss). Så i trygg forvissning om at det blir lagt merke til i Vesten, syner makthavarane at dei skaltar og valtar med innbyggarane sine som dei sjøl lyster. Ikkje så mykje fordi dei er redde, men fordi dei kan.

Er det ventande offisielle protestar frå norsk UD på slike markante brot på menneskerettane til alle nettbrukarar i desse landa? Ikkje meir enn da Google i si tid laut gi opp framfor Den kinesiske brannmur. Men spørsmålet er om dei berørte borgarane sjøl finn seg i så mykje lenger. Og om du og eg kan hjelpe dei å få att ytringsfridommen sin.

For om det er noko eg verkeleg diggar med internett, må det vera å kunne finne i lag med folk på tvers av kontinent og kulturar. Eg protesterer på det sterkaste mot å bli hindra i dette. Og med det samme vil eg gjerne minne deg, vyrde lesar, på å minnast dei drepte studentane i Beijing ekstra mykje i år.  Tenn lys. Kjøp blomster og legg ned framfor kinesiske ambassadar. Hev stemma.

OPPDATERT: Verdas beste vitskaplege vekesmagasin New Scientist har kjørt nokre testar av den kinesiske Twitter-sensuren, dessutan melder grunnleggaren av Seesmic at deira Twitterklient fortsatt funkar gjennom sensurfilteret.

OPPDATERT 2: Mashable rapporterar at Seesmic er stoppa, og også innanriks-tenester er “nede for driftsvedlikehald”. Men det er fortsatt håp.

2009-06-02 tir, 1522 • Stikkord: , , , • Posted in: Kommentar • 6 kommentarer

Ode to Science

Eg er heilt sikker på at det vart skrive mange fleire songar og hymner til vitskapens pris før i tida enn no. Heldigvis finst det enno folk som gjer noko med det.

Inspirert av fleire kjelder, kanskje mest Cory Doctorow som posta lenka på Boing Boing, men òg Den Tvilsomme Humanist, tenkjer eg vi skal vera pedagogiske i dag.

Men eg tenkjer ikkje heilt på dei melodisette preposisjonsreglene til tysklærarane. Og slett ikkje på matterock. Eller den noko snevre anatomifokuseringa til visse death metal-band. Eg tenkjer på originalskriven musikk meint å formidle kunnskap.

Så let me edutain you. No er det som fullt mulig kan vera verdas einaste låt om mitokondria slept.

Mp3, 3 minutt, sjanger postgrønsj, laga og framført av Dave Ng.

Litt repetisjon frå ungdomsskulen: Mitokondria – energiverket i levande celler – er temmeleg sære små dingsar. Mellom anna fordi dei har sitt eige DNA separat frå det som finst i cellekjernen. Interessante problemstillingar spring ut frå dette faktum.

Mellom anna har ein av mine favorittpopularisatorar,  Larry Gonick lurt på om det er han som går tur med sine mitokondria, eller om det eigentleg er dei som går tur med han.

Men altså. Det trengst meir av slikt. Også utanfor Sesam stasjon.

Min venn  sitronsyre burde til dømes bestemt komponere eit brassbandstykke om det mitokondrielt nærbeslekta emnet sitronsyresyklusen. Eg veit han vil.

I desse LHC- og Engler  & Demoner-tider er sjølsagt Large Hadron Rap pensum. Her er ein artikkel der Alpinekat & co. frå CERN er intervjua.

Det lyt gå litt i Spotifylenkjer herfrå, er eg redd.

Black Debbath har jo gjort sitt for humanioraen med tung, tung politisk rock og Black Debbath – Naar Vi Døde Rocker.

Og Tom Lehrer har altfor mange godlåter. Dette er to:

Tom Lehrer – The Elements – Live

Tom Lehrer – Lobachevsky – Live

Eg fann ikkje New Math, men det får våge seg. Søk opp sjøl og lær effektiv hovudrekning både i desimal- og oktalsystemet. 

Kva fleire vitskapssongar veit folk om? Kvalifiserer “Napoleon med sin hær” som historieleksjon, t.d.?

2009-05-09 lør, 1627 • Stikkord: , , , , • Posted in: Anbefalt • 2 kommentarer

Kimer, I knokler

Eg har no lese nyaste utgåva av den fornøyelege og informative publikasjonen Knokkelklang. Det bør du som les dette gjera òg.

Det blir marknadsført som “ET BLOGTIDSSKRIFT VIET DET MARGINALE, DET KURIØSE, DET SKREKKELIGE OG DET FANTASTISKE” – og reklamen har delvis rett. Minst.

Spesielt fall eg for artikkelen om Fassbinder, og dikta hans Von Nebb. Men eigentleg mest alt ihop. Som forøvrig er gratis.

2009-05-07 tor, 2123 • Stikkord:  • Posted in: Anbefalt • Ingen kommentarer

Mark i eplet

Mister Nine Inch Nail sjøl, Trent Reznor, har ei stund haipa opp “nin: access“, som har vore ute eit par vekers tid no. Så vidt eg kan sjå ein temmeleg ordinær, men dog småkul iPhone- og iPod Touch-applikasjon dei har utvikla for det ikkje ubetydelege overlappande segmentet av iPhone-eigarar og NIN-fans.

Men så er det slik at Apple har satt opp sin App Store til å kun føre trygge program. Virusfrie, konkurrentfrie (Firefox og Operas overlegne handheldt-nettlesarar nixa til fordel for Apples eigne Safari) og sjølsagt bannskapfrie. Og det der med provokativ språkbruk har liksom vore litt sånn greia hans Trent, da sjøh.

Det er nok derfor språkblomstrane hans Trent i eviggrøne låter som “Closer” plutseleg er blitt uspiselege for Apple, i følge ein epost Trent Reznor sjøl har posta på NIN-forumet, fulgt opp av ein av utviklarane.


Nine Inch Nails: Closer (Uncensored) (1994) frå Nine Inch NailsVimeo.

Snille, gode Apple vil kun alt det beste for oss alle – og ikkje minst for ungane våre – når dei filtrerer kva slags iPhone-applikasjonar dei vil selje oss i sin App Store. (Apple må jo nestan ha dei beste utgangspunktet for å gjera denne vurderinga. Dersom dei seier at iPhone er såpass mykje meir utbreidd i det mindreårige segmentet enn, la oss seie iTunes, så har dei sikkert peil.) Men det verker unekteleg noko bortkasta.

Det er jo ikkje slik at NIN-fansen ikkje anar kva dei går til.

Eg gler meg så fælt til eg får ein Android-mobil, så eg kan shoppe program på Android Market. Og jauda, eg veit godt at Google òg har feite, hårete svin på skogen. Eg ville for eksempel spela lystig Anthrax-bonanza for dykk i dette innlegget, men YouTube meinte eg (og sannsynlegvis de) budde på feil plass i verda.

Eg håpar Google er hakket meir opne lell. I det minste finst det lovlege alternativ til YouTube. Medan iPhone-brukarar må ta på seg grå hattar og bryte lova for å bruke eit skarve gratisprogram.

Meir halvrelevant lesnad i TIME Magazine: A Brief History of the ‘F’ Word.

2009-05-04 man, 0659 • Stikkord: , , , • Posted in: Kommentar • 2 kommentarer

NASA har full kontroll

Denne tviten kom frå @NASA i kveld:

View an original NASA music video dedicated to the next space shuttle mission. Rock on America!

Eg vart heilt på gråten, eg altså. Bevrande nerleppe og sviktande røst. Sjå berre sjøl, så forstår de korfor.

Eg er så glad Hubble-redningsaksjonen er i kapable ingeniørhender. Og ikkje, for eksempel… folk med kleine estetikkfag.

2009-04-28 tir, 2033 • Stikkord: , , , , • Posted in: Kommentar • Ingen kommentarer